Dagskurs:
Lær å lage gode risikovurderingar (ROS-analyser)
"Alt" kan skje, men er du førebudd den dagen det skjer?
Tid:
Tirsdag 18. oktober 2022 kl. 08:00-15:30 (lunsjpause kl. 11:30-12:00)
Stad:
Rådhuset i Uggdal, kommunestyresalen
Pris:
Kr. 3.500 pr. person (prisen inkluderer kursmateriell og kursbevis)

Kva kan skje ?
Alle verksemder opplever kriser og uønskte hendingar. Når du veit kva som kan skje, kan du òg ta forholdsreglar.

Korleis handterer du kriser?
Når krisen først har inntreft, er det viktig å handle – både for å avgrense skaden òg for å oppretthalde eit godt omdøme.

Korleis ta vare på dei tilsette?
Uønskte hendingar kan påverke både den einskilde og heile arbeidsmiljøet. Som leiar er du ansvarleg for å ta vare på alle.
På kvar arbeidsplass kan det utenkelege skje – alt frå dataangrep, brann, massefråvær, ulukker, og i verste fall dødsfall.
Alle verksemder er pålagde å kartleggje risikotilhøva i verksemda. Dette gjerast gjennom ei risikovurdering – ein såkalla "risiko- og sårbarheitsanalyse".
Risikovurderinga tar i korte trekk for seg dei uønskte hendingane som kan skje og analyserer desse, slik at verksemda kan forhindre at dei skjer og redusere konsekvensane om dei likevel skjer.
På dette dagskurset lærer du korleis verksemda:
- identifiserer uønskte hendingar som kan inntreffe
- vurderer kva verksemda kan tolerere av risiko
- vurderer dei uønskte hendingane opp mot sannsyn og konsekvens
- vurderer kor sårbar verksemda er om ei uønskt hending skjer
- identifiserer tiltak som kan bidra til å redusere risiko
- dokumenterer risikovurderingane
Deltakarane får utdelt skjema og malar som dei fritt kan nytte i sine risikovurderingar, eller som kan nyttast som grunnlag før ein leggjer vurderingane inn i eventuelle risikostyringssystem.
Metodikken som lærast bort på kurset kan nyttast i både:
- overordna risikovurderingar for heile verksemda
- risikovurderingar på tenesteeiningsnivå
- risikovurderingar for arrangement og andre spesielle hendingar eller arbeidsoperasjonar som krev eigne, særskilde risikovurderingar
Etter kursdagen er deltakarane i stand til å utføre eigne, sjølvstendige risikovurderingar.
Varighet: 7 timer
Om du har spørsmål, kan du kontakte oss på tlf. 932 97 784 eller e-post [email protected].

Kurs er ikke berre undervisning
Kursdagen vert variert, med førelesing, diskusjonar og praktiske oppgåver. Deltakarane gjennomfører konkrete vurderingar saman med kurshaldar, sånn at dei får sjå korleis ein gjer det i praksis. Når kurset er ferdig, skal deltakarane ha tilegna seg kunnskap – både teoretisk og praktisk – slik at dei kan gå rett tilbake til kontoret sitt og lage eigne risikovurderingar.
Kurshaldar: Paul F. Henriksen
Paul har meir enn 20 års erfaring frå Forsvaret og politiet – både som militærpolitibefal, politibetjent og etterforskingsleiar. Han er utdanna politi, med vidareutdanningar innan generell og digital etterforsking, beredskapsleiing, krisehandtering, organisasjon og leiing, pedagogikk og politileiing. I tillegg har han jobba i Einang Safety Consult AS sidan starten i 2017, der han mellom anna har utarbeidd risikovurderinger for både private og offentlege verksemder – inkludert ROS-analyser for brannvesen og heilskaplege ROS-analyser for kommunar.


Kven er vi?
Einang Safety Consult AS (ESC) tilbyr m.a. konsulenttenester og kurs/opplæring innan branntryggleik, HMS, beredskap og leiing – både til offentlege og private verksemder.
Ein viktig del av konsulentarbeidet vi gjer, er å utarbeide risikovurderinger. Vi har m.a. utarbeidd risiko- og sårbarhetsanalyser for ei rekkje brannvesen og fleire kommunar – både overordna og på tenesteeiningsnivå.
Kurset finner sted her:
Rådhuset i Uggdal, kommunestyresalen
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Einang Safety Consult AS
Tlf.: | 416 69 188 | |
E-post: | [email protected] | |
Postadresse: | Ragdevegen 15, 5750 Odda | |
www: | einangsafety.no | |
Org.nr.: | 918 335 102 |